Zemstvo
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7c/Grigorij_Grigorjewitsch_Mjassojedow_001.jpg/220px-Grigorij_Grigorjewitsch_Mjassojedow_001.jpg)
Zemstvo (russisk земство) var eit sjølvforvaltingsorgan innført på landet i Det russiske keisardømet av Aleksander II av Russland. Ideen bak zemstvo vart utarbeidd av Nikolaj Miljutin og dei første zemstvolovene vart kunngjort i 1864. Etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart systemet lagt ned.
Systemet tok seg mellom anna av vegbygging, skattespørsmål, grunnskuleutbygging og helsestell.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zemstvo» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.