Hopp til innhald

Ulug-Beg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulug-Beg

Føddمیرزا محمد طارق بن شاه رخ
22. mars 1394
Soltaniyeh
Død27. oktober 1449
Samarkand
Områdeastronom, matematikar og sultan
Yrkeastronom, matematikar, kalligraf, astrolog
Kjend fortrigonometri og sfærisk geometri
BarnAbd al-Latif, Rabiya Sultan Begim, Abd al-Aziz

Mīrzā Muhammed Tāraghay bin Shāhrukh, betre kjend som Ulug-Beg (22. mars 139427. oktober 1449) var ein tatarfyrste, astronom og matematikarar.[1]

Ulug-Beg var soneson av Timur Lenk. Han oppretta i 1440 eit observatorium av store dimensjonar i Samarkand, Ulug-Beg-observatoriet. Det vert rekna som eit av dei finaste observatoria i den islamske verda på den tida og det største i Sentral-Asia.[2] Han bygde Ulugh Beg Madrasah (1417–1420) i Samarkand og Bukhara, og gjorde om byane til kultursenter for lære i Sentral-Asia.[3] Ulug-Beg laga ein stjernekatalog med 1018 stjerner.

Krateret Ulugh Beighmånen vart kalla opp etter han av den tyske astronomen Johann Heinrich von Mädler på eit kart frå 1830 over månen. Seinare vart òg ein asteroide kalla opp etter han med namnet 2439 Ulugbek.

  1. David Eugene Smith. History of mathematics
  2. Ekmeleddin İhsanoğlu & Feza Günergun. Science in islamic civilisation"
  3. A.J.J. Mekking. The global built environment as a representation of realities

«Ulug-Beg» (15. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 13. august 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ulug-Beg