Melanin
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a2/Albinistic_girl_papua_new_guinea.jpg/220px-Albinistic_girl_papua_new_guinea.jpg)
Melanin (av gamalgresk μέλας melas, 'svart, mørk') er ei samlenemning for ei rekkje naturlege pigment som finst i nesten alle organismar, med unntak av mellom anna edderkoppdyr. Det blir produsert av spesialiserte grupper med bindevev og anna cellevev kalla melanocyttar.[1] Dette skjer gjennom oksidasjon av aminosyra tyrosin, etterfølgd av polymerisering.
Det finst tre grunnleggande former av melanin: eumelanin, feomelanin og nevromelanin. Eumelanin er vanlegast og finst i to former: brunt eumelanin og svart eumelanin. Feomelanin er ein cysteinhaldig, raud polymer som mellom anna fargelegg raudt hår. Nevromelanin er eit mørkt pigment som finst i hjernen. Oppgåvene til dette melaninet er dårleg forstått.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Melanin» frå Wikipedia på engelsk, den 1. desember 2014.