Hopp til innhald

Khartoum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khartoum
الخرطوم
by
Våpenskjold
Land  Sudan
Høgd 382 m
Areal 30 000 km²
Folketal 5 345 000 (2018)[1]
Grunnlagd 1821
Kart
Khartoum
15°36′11″N 32°31′36″E / 15.60308°N 32.52654°E / 15.60308; 32.52654
Wikimedia Commons: Khartoum

Khartoum (arabisk الخرطوم‎, romanisert al-Kharṭūm som tyder «elefantsnabel») er hovudstad i Sudan.[2] Byen ligg ved møtestaden for Kvite-Nilen (som kjem frå Uganda), og Blå-Nilen (som kjem frå Etiopia), i det som poetisk vert kalla historias lengste kyss, Al mogran. Byen har eit folketal på om lag 2 millionar, og dannar saman med Omdurman eit storbyområde med om lag 4 millionar innbyggjarar. Dette området er delt av elvane i 3 delar: Khartoum, som er den tidlegare britiske delen, Omdurman, den sudanske hovudstaden som var Mahdien og Ansarrørsla sin hovudstad og skanse i striden med britane, og Khartoum North, som i dag er den bydelen som har utvikla seg i dei seinare åra og har vakse fram som nytt bu- og industriområde.

Byen vart grunnlagd i 1821, som ein utpost for den egyptiske hæren nord for oldtisbyen Soba. Medan Egypt var under britisk styre blei garnisonbyen teken av Mahdi-styrkar etter omleiringa av Khartoum i 1884. Han blei teken tilbake av britiske styrkar i 1898 og var administrasjonssenter for det anglo-egyptiske styret av Sudan fram til 1956,[2] då byen blei hovudstad for eit sjølvstendig Sudan.

I byen ligg Khartoum universitet.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.demographia.com/db-worldua.pdf.
  2. 2,0 2,1 «Khartoum | Location, Facts, & History», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 9. juli 2020 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Khartoum