Hyfe
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/66/Penicillium.jpg/220px-Penicillium.jpg)
Hyfar er selletrådar som utgjer grunnvevet i dei fleste soppane. Dei kan vera greina og har hjå dei fleste soppane tverrvegger med porar som slepp cytoplasma gjennom frå selleavsnitt til selleavsnitt. Dei veks berre i spissen.
Hyfar finst òg hjå bakteriegruppa strålesopp (Actinomycetes), men er elles ikkje kjend hjå andre livsformer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«hyfer» av Leif Ryvarden og Store norske leksikon (2005 - 2007) i Store norske leksikon, snl.no. Henta 5. juli 2016.