Hopp til innhald

Hundre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talet 100
i ulike talsystem:
1100100 binært
144 oktalt
100 desimalt
64 heksadesimalt
C romartal

Hundre (frå norrønt hundrað), skrive 100 i titalsystemet, er det naturlege talet som ligg mellom 99 og 101. 100 er kvadratet av 10, skrive 102. I daglegtalen kan «hundre» også visa mindre spesifikt til eit stort tal.

Talordet hundre viste før opplysingstida til talet 120. Dette blei seinare omdefinert til eit storhundre, medan 100 kunne kallast eit «smalt hundre» eller «tirøtt hundre».

Matematikk

[endre | endre wikiteksten]

100 er summen av dei første ni primtala og av fire ulike par av primtal (47 + 53, 17 + 83, 3 + 97, 41 + 59). Det er også summen av kvadratet til dei første fire naturlege tala (100 = 13 + 23 + 33 + 43). Det er eit Leyland-tal gjennom at 26 + 62 = 100.