Hopp til innhald

Den einskaplege relativitetsteorien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den einskaplege relativitetsteorien er ei utviding av relativitetsteorien, som Albert Einstein ønskte å oppnå, der elektriske og andre krefter kan handsamast på lik linje med gravitasjon i form av ein einskapleg eller universell teori.

I 1970- og 1980-åra vart det gjort oppdagingar innan elementærpartikkelfysikk som har gjort at ein meiner å funne ein samanheng mellom kraftfelta som verkar i desse partiklane og gravitasjonskreftene. Ein har ikkje enno kome fram til ein einskapleg skildring, slik Einstein søkte. Den mest aktuelle kandidaten til ein slik einskapleg teori vert kalla supersymmetrisk strengeteori.