Antialiasing
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/22/Anti-aliasing_demo.svg/220px-Anti-aliasing_demo.svg.png)
Antialiasing eller kantutjamning er ein attgjevingsprosess og -måte innan datagrafikk og bildebehandling for å gje inntrykk av større oppløysing og finare detaljar i det digitale bildet enn det det eigentleg er. Teknikken vert mykje brukt i dataspel, simulatorar og typografiske dataprogram. Den går ut på at kantar vert gjort uklare fleire gonger i sekundet og attgjevne i ein fargetone mellom dei til hovudfiguren og bakgrunnen, slik at kantane ser mindre hakkete og ujamne ut.