Alakurtti
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/30/%D0%94%D0%BE%D0%BC_%D0%B2_%D0%90%D0%BB%D0%B0%D0%BA%D1%83%D1%80%D1%82%D1%82%D0%B8.jpg/220px-%D0%94%D0%BE%D0%BC_%D0%B2_%D0%90%D0%BB%D0%B0%D0%BA%D1%83%D1%80%D1%82%D1%82%D0%B8.jpg)
Alakurtti (russisk Алакуртти; finsk Alakurtti) er ein by på 6 671 innbyggjarar (2002) som ligg sør for «halsen» til Kolahalvøya i Murmansk oblast i det nordvestlege Russland. Alakurtti vert administrert frå Kandalaksja. Byen var inntil 1940 del av det finske Lapplands län.
Historie
[endre | endre wikiteksten]![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6f/AllakurtiAvtovokz2014.jpg/220px-AllakurtiAvtovokz2014.jpg)
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Location_of_Alakurtti_rural_settlement_%28Kandalakshsky_district%29.svg/220px-Location_of_Alakurtti_rural_settlement_%28Kandalakshsky_district%29.svg.png)
Den 30. november 1939 vart Alakurtti brent ned av finske troppar under tilbaketrekking. I mars 1940 vart byen del av den karelo-finske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen. I juni 1941 vart byen teken av tyske og finske troppar og den 14. september 1944 igjen av sovjetiske troppar.[treng kjelde] I 1953 vart Alakurtti del av Murmansk oblast.
Sidan januar 2015 har Alakurtti vore forlegningstad for ein brigade av den russiske nordflåten (basen hadde vore umanna sidan 2009).[1]
Omkring 3 km nordvest for Alakurtti ligg Alakurtti luftbase som har eit bomberegiment med Sukhoj Su-24 og eit helikopterregiment med Mil Mi-24 og Mil Mi-8.
Alakurtti har jarnbanesamband.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Der Norden hält sich für verwundbar», Frankfurter Allgemeine Zeitung (FAZ), 16. januar 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Alakurtti» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2017.