Hopp til innhald

Al-`Ula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-`Ula
by
Gamlebyen i Al-`Ula
Land  Saudi-Arabia
Provins Al Madinah-provinsen
Koordinatar 26°37′N 37°55′E / 26.617°N 37.917°E / 26.617; 37.917
Kart
Al-`Ula
26°36′31″N 37°55′27″E / 26.6084813°N 37.9242897°E / 26.6084813; 37.9242897
Wikimedia Commons: Al-'Ula

Al-`Ula (òg Al Ola, arabisk العلا, al-ʿulā; òg Dedan) er ein by kring 110 km sørvest for Tayma (380 km nord for Medina) nordvest i Saudi-Arabia. Byen låg langs kryddervegen.

Han var hovudstad for dei gamle lihyanittane (dedanittane). Her finst fleire arkeologiske funn som er over 2000 år gamle.

Den eldre historia til oasen er delt inn i fleire fasar. Det dedanittiske kongedømet strekkjer seg over 600- og 500 fvt. Dedan er nemnt i «Harraninskripsjonane». På desse er det fortalt korleis Nabonidus, kongen av Babylonia, leia eit militært felttog inn i nordlege Arabia i 552 fvt. eller noko seinare, og erobra Tayma, Dedan og Yathrib, den gamle Medina.[1] Ein trur at kongedømet rundt 400-talet fvt. byrja å gå i arv.

Dei neste fire hundreåra, fram til kring 100 fvt., eksisterte Kongedømet Lihyan. Nabatearane var herrar i regionen minst fram til 106 evt., då romarane erobra hovudstaden deira Petra. Nabatearane gjorde Hegra, dagens Mada'in Saleh, den andre hovudstaden sin. Maktsenteret i regionen flytta seg slik til Hegra, kring 22 km nord for Al-`Ula.

Muhammed drog gjennom Al-`Ula i 630 på veg til Tabuk. Al-Mabiyat som ligg kring 20 km unna, nær Mughaira, vart det neste handelssenteret i regionen. Det blømde frå kring 650 fram til det gjekk nedover ei stund før 1230.

På 1200-talet vart gamlebyen i Al-`Ula bygd og mange steinar frå dei gamle ruinane i Dedan og Lihyan vart nytta om att. Al-`Ula vart så den største busetjinga i regionen fram til moderne tid. Det vart bygd ein jernbanestasjon for Hejazbanen i 1901-08. Jernbanelinja gjekk gjennom den vestlege delen av Al-Khuraiba kring 12 km nord for gamlebyen. På 1900-talet var det nye bysenteret oppretta ved sidan av gamlebyen og etter kvart flytta folk ut av dei gamle bygningane. Den siste familien skal ha drege der frå i 1983, medan moskéen var i drift fram til 1985.[2] Både ruinane av mellomalderbyen og den antikke liyhanittiske busetnaden ligg i dag innafor den moderne byen.

Den første europearen som vitja staden i moderne tid var Charles Doughty i 1876. Charles Huber var i Al-`Ula i 1881–82. Han kom attende i 1883 i lag med Julius Euting. Dei franske oppdagarane A. Jaussen og R. Savignac vitja regionen i 1909 og igjen i 1910 og kopierte inskripsjonar og utforska ruinane. I 1968 undersøkte eit lag arkeologar frå Universitetet i London kring femten inskripsjonar.

  1. C.J. Gadd, «The Harran Inscriptions of Nabonidus», Anatolian Studies, 8 (1958), page 59
  2. Modern Al-Ula Arkivert 2011-07-23 ved Wayback Machine. at Madainsale.net.