1500-talet
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7b/Elizabeth_I_%28Armada_Portrait%29.jpg/220px-Elizabeth_I_%28Armada_Portrait%29.jpg)
< 1500-talet > viser til hundreåret frå 1500 til 1599 i den julianske og den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Den vesle istida, ein periode med kjøligare klima, førte til dårlegare haustar og hungersnaud i nord.
Ekspedisjonen til Ferdinand Magellan var den første som segla rundt heile jorda. Berre eitt skip overlevde turen, det kom tilbake til Spania under leiing av Juan Sebastián Elcano i 1522.
Europa
[endre | endre wikiteksten]Det osmanske riket nådde høgdepunktet sitt under Suleiman den Store (regjerte 1520–1566). Osmanarane svelgde nesten heile det ungarske kongedømet og truga habsburgarane, men måtte gje opp å ta Wien i 1529.
1500-talet såg byrjinga på protestantismen med Reformasjonen, og byrjinga på konflikten mellom dei to formene for vestleg kristendom i mellom anna Hugenottkrigen i Frankrike.
Den nye verda
[endre | endre wikiteksten]![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cb/Map_of_South_america_1575.jpg/220px-Map_of_South_america_1575.jpg)
Spania styrta aztekarriket i Mexico i 1521 og inkariket i Sør-Amerika i 1533. Dei utforska Amerika og plyndra det for gull, men introduserte òg hesten til den nyfunne verdsdelen. Tilbake til Europa kom nye matsortar: Mais, potet, tomat og sjokolade.
Portugal byrja den europeiske koloniseringa av Søraustasia då dei overvann Malaccasultanatet.
Kjende personar
[endre | endre wikiteksten]- Michelangelo Buonarroti, italiensk målar og bilethoggar (1475-1564)
- Martin Luther, tysk religionsreformør (1483-1546)
- Hernán Cortés, spansk conquistador (1485-1547)
- Suleiman den Store, lovmakar og erobrar (1494-1566)
- Dronning Elizabeth I av England
- Miguel de Cervantes, spansk forfattar (1547-1616).
- William Shakespeare, engelsk forfattar (1564-1616).
Oppfinningar og oppdagingar
[endre | endre wikiteksten]- Rokk til å spinna garn med revolusjonerte tekstilindustrien