Hopp til innhald

Symjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. august 2008 kl. 03:27 av Anders (diskusjon | bidrag) (Ny side: mini|Badenymfer frå tidleg på 1900-talet '''Symjing''' er det ein kallar bevegelsane menneskja og dyr gjer for å ta seg fram i vatn. Dei fleste dyr kan...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon �� (skil)
Badenymfer frå tidleg på 1900-talet

Symjing er det ein kallar bevegelsane menneskja og dyr gjer for å ta seg fram i vatn. Dei fleste dyr kan symje alt frå fødselen av. Menneskja kan ikkje instinktivt symje, men det kan tillærast. Likevel har menneskja ei større spekter av symjeteknikk enn hjå dyr.

Symjing som aktivitet kan vere til nytte og rekreasjon. Med symjeferdigheiter kan ein lettare berga seg om ein ufrivilljug hamnar i sjøen. Bading i sjø eller basseng kan vere både sosialt og avslappande, på same tida som det er med på å trene opp symjeferdigheitene. Ungar vert difor gjevne symjeleksjonar i skulen for å læra dei symjeteknikkar og å vere fortruleg med vatn.

Symjing som idrett

Konkurransesymjing er ein idrett der utøvarar konkurrerer om å vere den hurtigaste over ein gitt distanse. Det er fleire ulike teknikkar som kan nyttast til å forflytte seg i vatnet, og konkurransesvømming er regulert gjennom eit internasjonalt regelverk som bestemmer korleis dette skal gå føre seg. Det vert konkurrert i desse disiplinane:

  • Medley
  • Butterfly
  • Rygg
  • Bryst
  • Crawl/krål
  • Freestyle

Bakgrunnsinformasjon

Nettsidene til Norges Svømmeforbund