Stilark
Stilark [frå eng. Cascading Style Sheets (CSS), seriekopla stilark] er ein teknikk som vert brukt på internettsider for å definera utsjånaden på presentasjonen av informasjon lagra i HTML eller XML. Medan HTML-dokument lagrar og strukturerer informasjonen, kan spesifiseringa av oppsett (plassering m.v.) av og utsjånad (skriftstorleik, osb.) på innhaldet flyttast til ei eller fleire eigne filer, sokalla stilark eller CSS-filer.
I CSS-fila definerer ein attributtar som tekstfarge, bakgrunnsfarge, skriftstorleik, skrifttype og plassering av tekst, bilete, animasjonar osb. Rett bruk av stilark gjer at websider vert langt enklare å skriva og, ikkje minst, å endra. Viss web-programmeraren har skild CSS og HTML i forskjellige filer, kan ein nemleg enkelt endra utsjånaden på alle dei tilhøyrande dokumenta seinare med ei einskild endring berre i CSS-fila.
For eit døme på kva ein kan gjera med stilark, samanlikn desse skjermbileta av den same HTML-fila med tre ulike stilark:
- CSS Zen Garden utan stilark
- CSS Zen Garden med stilarket Uncultivated
- CSS Zen Garden med stilarket Paravion
Når innhald (HTML) og stil/formatering (CSS) er separerte, er det enkelt å endra på formgjevinga av ein stor nettstad med tusenvis av sider ved berre å redigera stilarka. Sjølve HTML-dokumentet vert dessutan mindre, meir oversiktleg, og lesbart m.a. for mobiltelefonar. Skiljet mellom CSS og "rein" HTML har etter kvart fått eit godt fotfeste hjå profesjonelle formgjevarar. Bruk av stilark vert av dei aller fleste rekna for god skikk i programmering av websider.
På verdsveven
- W3CS-sider om css
- HTMLDog CSS Beginner Guide
- CSS Zen Garden -- Døme på kva som er mogleg med stilark