Hopp til innhald

Fengselsbetjent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. oktober 2022 kl. 14:26 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Fengselsbetjent i Australia.

Ein fengselsbetjent er ein tilsett ved eit fengsel. Arbeidsoppgåvane til ei fengselsbetjent er kontroll, grensesetjing, visitasjonar og tryggingstiltak. Jobben inneber òg ansvar for rehabilitering, motivering og rettleiing av innsette i fengsel.

I Noreg er fengselsbetjentar utdanna ved Fengselsskulen ved Kriminalomsorgens utdanningssenter. Dette er ei 2-årig høgskuleutdanning (120 vekttal/høgskulekandidat). Norske fengselsbetjentar har ansvar for å vere kontaktbetjent for ein eller fleire av dei innsette.

Tilsette i leiande stillingar i Kriminalomsorga, det vil seie fengselsførstebetjent, fengselsinspektør og fengselsleiar har i regelen bakgrunn som fengselsbetjent.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]